• Advokatforeningen

Advokater uten grenser

Time to read
2 minutes
Read so far

Advokater uten grenser

Thu, 17/02/2000 - 13:25
Posted in:
0 comments

ADVOKATER UTEN GRENSER

Omgrepet "Leger uten grenser", er kjent for dei fleste. Omgrepet "Advokater uten grenser" er derimot ukjent. Bakgrunnen for denne avisartikkelen er erfaring frå ei husleigesak der eg først har fått erfare kor uheiderleg leigetakarar kan vera, og i kjølvatnet av dette erfaringa av kor fritt ein advokat kan opptre i forhold til motparten utan at der er klare forskrifter som set grenser for advokaten si åtferd overfor motparten. Det er med denne bakgrunn at uttrykket "advokater uten grenser" vart født.

Av Kåre Torbjørnsen
 

ADVOKATEN I FOKUS
Motparten/leigebuaren si framferd er eit kapittel for seg, men den eg ønskjer å fokusere på no er advokaten og hans rolle og framferd i saka. Før denne saka har eg alltid trudd at advokater var personer som var nøye med at rett og sanning vart respektert og akta høgt. Etter denne saka har eg skjøna at dette er berre ein illusjon.

KRITIKKVERDIG FORHOLD
Advokaten si framferd har vore kritikkverdig på fleire måtar, komprimert og kortfatta kan eg nemna:

· Nektar meg direkte kontakt og samtale, krev skriftleg svar frå meg, og får det i overflod. Eg ber om svar frå han. Han vørder meg ikkje eit ord.
· Ignorerer saksdokumenta mine idet saka vart oversendt til namsretten
· Skil ikkje mellom omgrepa påstand og fakta i eit kjæremål.
· Tilbyr forlik ved bl.a. at klienten hans er villig til å trekkja motkravet, som på dette tidspunkt var juridisk impotent og null verd.
· Han tolererer ikkje at eg ber han ta initiativ overfor klienten sin for å få fortgang og framdrift i meklinga mellom oss. Advokaten glefser etter meg i telefonen som om advokaten trur han kan kontrollere og styre motparten ved slike ukontrollerte og udisiplinerte utbrot,- medan det einaste han oppnår er å auke avstanden mellom oss, vanskeleggjere meklinga og sist, men ikkje minst,- syt for at eg ytterlegare misser respekt og vørdnad for advokatstanden.

Fortel dette noko om denne advokaten ? Sjølvsagt, og det er ikkje noko rosverdig.

ADVOKATEN SI OPPGAVE
"En advokats oppgave er å fremme rett og hindre urett." Ja så vakkert er det sagt i pkt. 1,2 i Regler for god advokatskikk. Men kva hjelper det med fine og vakre formuleringar i regler på papir, når ein i sin praksis opptrer som om regelen skulle vera ukjent.

ADVOKATEN SI FRAMFERD
Frå Regler for god advokatskikk pkt. 1.3 - Advokatens opptreden - siterer eg:
"En advokat skal i sitt virke opptre saklig og korrekt. Advokaten må unngå en opptreden som er egnet til å skade standens og yrkets anseelse."

For meg synes det å vera så opplagt og innlysande at denne generelle regelen må gjelda for advokaten i alle relasjonar,- også overfor motparten, ja kanskje spesielt der. Og ikkje minst i lys av det fakta at i Regler for god advokatskikk er der retningsliner for advokaten sitt forhold til

a) Klienten
b) Domstolene og offentlige myndigheter
c) Andre advokater. Men når det gjeld forholdet til motparten, er regelverket taus som grava. I ein førespurnad til advokatforeininga kommenterte eg difor pkt. 1.3 slik: "Dette gjeld sjølvsagt i høve til alle partar, også motparten. Men regelen er så rund og generell at den er sikkert lett å undra seg."

La oss så sjå på svaret frå advokatforeininga:

"Som De selv påpeker er forholdet til motparten ikke omtalt i Regler for god advokatskikk. Den generelle regel i pkt 1.3 vil kunne omfatte dette forhold, (utheving gjort av meg) men skal også være oppmerksom på pkt. 1.2"

Med andre ord: Advokaten er i forholdet til motparten slett ikkje forplikta til alltid å opptre sakleg og korrekt. Kva som skal avgjera om pkt. 1.3 skal omfatte forholdet til motparten eller ikkje, seiest det ikkje noko om. Det ville ikkje forundra meg om det er overlate til advokaten sitt humør og lynne. Kan det tenkjast eit meira grenselaust tilhøve ?

KVIFOR GRENSELAUS OVERFOR MOTPARTEN?
Ovannemnde spørsmål hadde eg gjerne sett at advokatforeininga hadde sagt noko om. Ei privat førespurnad gav berre eit unnvikande svar. Tør advokatforeininga ikkje å uttale seg ? Er det for følsamt ? I eit forhold der det ikkje er grenser, vil overtramp lett forekoma. Berre grenser som både er erkjent og påvist vil kunna verta respektert. Slik er det i alle forhold i livet,- også i forholdet mellom ein advokat og motparten hans. Men her har advokatforeininga fastsett at der skal ikkje vera noko grense.

Eg utfordrar advokatforeininga å koma med eit innspel der dei gjer greie for kvifor dei vil ha det slik.

Internal banner image(s)